Ein gammel penn ........

Er det nokon der ute som kan hjelpe ein stakkars pennesamler med historie til denne pennen som eg syner for dere nedenfor ? Pennen framstår som ny, den er laga i godt og solidt materiale, og teksta på den er heil og fin. Eg skulle ønskt at der var nokon som kunne gje meg eit tidsperspektiv då dette BP Centret A/S var i Ørsta, samt beliggenheit.  I mi samling, så dukker det stadig opp gode gamle penner, eg vil prøve å få postet det ut til folket, og satser på at det sit einkvan som kan gje meg nokre opplysninger som eg kan få skrive ned her.

Pennen ligg på mi eiga nettside, der eg har fleire tusen andre penner !!

www.prodirkongen.com 

 

IMG 7364

 

Ha ein kjekke dag vidare !!

Mvh

Prodirkongen 

 

Harley Davidson !!!

 

HARLEY DAVIDSON !! 

 

Tenkte å vise fram ein heilt spesiell penn, det er ein Waterman penn, noko av det mest eksklusive som finst i Prodirkongen si samling. På denne pennen så er det reklame for Harley Davidson ! Eit annerkjent amerikansk varemerke for motorsyklar. 

 

Korleis kom denne utsøkte lekre pennen inn i samlinga til Prodirkongen, kan for mange vere eit mysterium, Prodirkongen samler no berre på Prodir, trur mange, men Prodirkongen har overraska fleire gonger og gjer det igjen !! 

I det mykje omtalte " Pennetreff i Bergen 2015 " sin spede planlegging, så møtte eg ein kar i Knarvik, som var kjent for å ha mange eksklusive penner. Vi hadde mange gode samtaler omkring planlegging av pennetreffet i Bergen, som nok ein gong vart ein magisk suksess takket være denne karen.  Uten hans fantastiske innsats, så hadde det neppe vorte noko treff dette året (2015) . 

Om eg ikkje hugsar feil, så byttet vi litt penner også ved dette møtet. Og då plutselig seier han at han har noko eg må sjå, eg hugsar at eg undra litt på kva Prodir penn han skulle vise meg. Men det var ingen Prodir penn han skulle vise meg, men ein eksklusiv Waterman penn med reklame for Harley Davidson, og denne skulle eg få.  Ifølge han så var det ikkje så mange i Noreg som hadde denne foruten han sjølv, så eg er evig takksam for at eg skulle få eit eksemplar av han.

Meir info om pennen ligg på linken under 

Prodirkongens nettside

 

------- www.prodirkongen.com -------

Monday the 23rd. Kongen seier takk for besøket!
Copyright

©

Template © Joomla Template