Harley Davidson !!!

Utskrift
Kategori: Artikler
Publisert Skrevet av Erling Bjørn

 

HARLEY DAVIDSON !! 

 

Tenkte å vise fram ein heilt spesiell penn, det er ein Waterman penn, noko av det mest eksklusive som finst i Prodirkongen si samling. På denne pennen så er det reklame for Harley Davidson ! Eit annerkjent amerikansk varemerke for motorsyklar. 

 

Korleis kom denne utsøkte lekre pennen inn i samlinga til Prodirkongen, kan for mange vere eit mysterium, Prodirkongen samler no berre på Prodir, trur mange, men Prodirkongen har overraska fleire gonger og gjer det igjen !! 

I det mykje omtalte " Pennetreff i Bergen 2015 " sin spede planlegging, så møtte eg ein kar i Knarvik, som var kjent for å ha mange eksklusive penner. Vi hadde mange gode samtaler omkring planlegging av pennetreffet i Bergen, som nok ein gong vart ein magisk suksess takket være denne karen.  Uten hans fantastiske innsats, så hadde det neppe vorte noko treff dette året (2015) . 

Om eg ikkje hugsar feil, så byttet vi litt penner også ved dette møtet. Og då plutselig seier han at han har noko eg må sjå, eg hugsar at eg undra litt på kva Prodir penn han skulle vise meg. Men det var ingen Prodir penn han skulle vise meg, men ein eksklusiv Waterman penn med reklame for Harley Davidson, og denne skulle eg få.  Ifølge han så var det ikkje så mange i Noreg som hadde denne foruten han sjølv, så eg er evig takksam for at eg skulle få eit eksemplar av han.

Meir info om pennen ligg på linken under 

Prodirkongens nettside

 

------- www.prodirkongen.com -------

Thursday the 15th. Kongen seier takk for besøket!
Copyright

©

Template © Joomla Template