Kva er ein Prodir ?

Kva er ein Prodir ? 

 

Prodir er ein større kulepenn-produsent i Sveits. Prodir har eksistert sidan 80-talet og er ein av dei virkelig store aktørane innen kulepenn produksjon i Europa.

 

 



Oversikt over Prodir sine ulike modeller :) 

 

                           

                                                           

 

 

 

Plan for hausten 2017

Iløpet av hausten så kjem Prodirkongen til å kome med ei rekke med ulike artikler, som inneheld fleire av dei ulike bransjane i samlinga. Dei eg vil utdjupe nærare er t.d. Volvo-samlinga, Legemiddel/Helse-samlinga, Audi/BMW/Porsche-samlinga, Hard Rock Cafe -samlinga, Harley-Davidson-samlinga. Eg ønsker også å belyse meir Prodir-pennen, ta føre meg dei ulike modellane av denne herlige skrivereiskapen. Eg har ei mengd med ulike pennerelaterte stoff, som eg håper vil treffe blant andre samlere, om det finst andre samlere igjen der ute ......... 

 

PRODIRKONGEN SIN LOGO
@prodirkongen.com

Status

Status pr 03.07.2017

 

 

 

I Prodirkongen si samling av kulepenner med logo og reklame, så finst det no 34.000 penner totalt som er registrert inn i Penhenge, med bilete. Av desse så er det 18.000 ulike Prodir penner, samt 11.000 Prodir dubletter og resten er andre pennetyper.......... kan nemne Cross, Quill, Eskesen, Parker, Bic, Stilolinea, Quill-kopi, Waterman og Harley Davidson !!!! Etterkvart skal det kome fleire penner ut på nettsida, og fleire bransjer skal verte belyste. Eg har fleire flotte " bransjer " som eg samler spesielt på, pga dette har eg ei mengd ulike pennetyper. Bransjane eg samler spesielt på er : Volvo, BMW, Audi, Viagra, Fagforbundet, Coca-Cola, Risperdal, Legemiddel, Siemens, Fotball-klubbar, Microsoft, Porsche............. 

Eg kan fortelje at eg har over 250 ulike penner med reklame/logo for Volvo , over 70 penner med BMW , 19 ulike Porsche penner, 2039 ulike penner med legemiddel-reklame, 22 ulike penner frå Microsoft.......osv ........ alt dette og meir til vil kome på nettsida etterkvart............ 

 

trykk her for å komme til Prodirkongen si nettside !!

 

Det lisje ekstra

"Det lisje ekstra" 

 

For mange vanlige mennesker, som ikkje samler på skrivereiskap med logo og reklame, vil nok ein penn, for alltid kun berre vere ein penn, eit reiskap ein bruker å skrive med. Men for nokre få av oss andre, som er levande opptatt og utrulig fasinerte av kulepenner med logo og reklame, er det annleis, vi bruker ikkje pennen, men legg den til side, og enkelte litt meir lidenskapelige registrerer den i eit eller annet system, og gjerne tek bilde av pennen og behandler dei som det skulle ha vore gull. Eg vil gå så longt å seie at uten ein penn, så vil ein døy...... 

 

NO PEN

 

Prodirkongen samler iallfall sine Prodir penner, og det har han tenkt å gjere til han ikkje finn det interessant lengre. Eg har samla sidan starten på 90-talet, og eg finn hobbyen interessant enno. So har dokke der ute Prodir penner, så nøl ikkje, Prodirkongen treng fleire..... 

 

vartdalsstranda edited 1

 

 

 

 

 

 

God sommer !!!

PRODIRKONGEN SIN LOGO

Prodirkongen ønsker alle ein fin og god sommar!!! 

www.prodirkongen.com

 

------- www.prodirkongen.com -------

Tuesday the 20th. Kongen seier takk for besøket!
Copyright

©

Template © Joomla Template