Meny Lukk

Dei 3 bukkane bruse…

Dag 1:

Ei stor pennesamling fekk det vinnande bud på auksjon frå ein av verdens to største samlarar av kulepenner med logo og reklame. Dei kniva begge to, men ein av dei trakk det lengste strået til slutt.Vedkomande er lokalisert i ei av bygdene i Ørsta kommune på Sunnmøre.

Denne enorme kulepennsamlinga kjem frå Tranby i Lier. Vedkomande som hadde denne samlinga var HHO. Eg bruker initialer, då eg er usikker på om familien til vedkomande ønsker å ha namnet innpå denne siden.

Det vart bestemt i hui og hast at vi 3 gutane skulle hente denne samlinga i starten på september. Vi måtte ha bil og leige skaptilhenger på Shell i Ørsta, med avreise fredag 1. september kl 08:30, då det er ei relativ lang reise dit ifrå Sunnmøre.

Men av ein eller annen grunn, dukket ikkje vedkomande pennesamler SJN opp til avtalt tid, ikkje at det kom som ei bombe på oss, vi prøvde fleire gonger og ringe, kom berre til mobilsvar. Så turen hang i ein særdeles tynn tråd og EAV og eg vurderte å kansellere heile turen, då vi hadde stått opp tidleg fredags morgon og hadde vore spenna klare lenge.

EAV og underteikna, valte å møtast ute på pæneranchen til SJN, for han kunne like godt ligge kalde for kva vi visste. Då vi ringte på døra, så kom det ein trøtt og uopplagt skikkelse ut, han hadde visst berre tatt seg ei «poe» på sofaen kl 08.

IRundt kl 09:45, var gutane på vei mot Tranby, kun ein kort tur innom Shell i Ørsta for å hente tilhengaren.

Shell i Ørsta

SJN hadde bestilt den største tilhengaren som var tilgjengelig i Ørsta må vite, det var ei enorm samling inkl fleire flotte store arkivskap, som skulle fraktast til si siste kvile på Sunnmøre.

Veiret denne dagen var av det bedre, sol, blå himmel, kun nokre få skyer på himmelen, og vi håpte på å få ein fin tur sørover.

IStrynefjellet, med sine høge og bratte fjell og fint veir, skuffa oss ikkje.

På vei opp Strynefjellet.
På vei opp Strynefjellet.

Veldig kjekt når vi kom opp på Strynefjellet, då kunne vi «lovlig» køyre 90 km/t .

Strynefjellet 🇧🇻
Strynefjellet 🇧🇻

Om ingen har vore her før, då har Dere gått glipp av storslått, vill natur. Anbefales sterkt å ta turen💚

Som dei Sunnmøringane vi er, så hadde vi bestemt oss for å ta turen over Valdresflya, der var det ingen bomstasjoner og det var berre 1 minutt lengre i tid på farbare veg. Så når Valdresflya var open så var det grønt lys for dette.

På vei opp 😃

Etter ei god stund så var vi på Valdresflya….

Valdresflya 🇧🇻
Valdresflya 🇧🇻
Valdresflya 🇧🇻

Vi hadde så eit kort stopp i Fagernes, mat og drikke måtte til for å halde humøret oppe🙈

Fagernes 🇧🇻

Etter ei særdeles lang stund, og fleire feilkøyringer, frå SJN, som iflg han sjølv ikkje trengte GPS, for han var omtrent lokalkjent overalt, så parkerte vi bil og tilhenger på Thon Hotel i Asker.

Thon hotell i Asker .

Då vart det brått kveld, etter ein heil dag i bilen, der vi alle 3 løyste og diskuterte verdsproblem❤️ EAV og SJN budde på hotellet, medan eg vart hentet av kvinnen i mitt liv, mi kjære Kristina som bur i Stabekk❤️.

🙂🙂🙂🙂🙂🙂🙂🙂🙂🙂🙂🙂🙂🙂🙂🙂🙂🙂

Dag 2:

Vi hadde avtalt å møtes laurdag 2. september kl 09, på Thon og det vart full klaff. Turen til Tranby og pennesamlinga kunne starte på alvor.

Resepsjonen Thon Asker.

Klokken 10 presis, hadde vi avtalt å møte folket på Tranby, der den gjæve pennesamlinga venta.

Etter vel ein time hadde vi greidd å fylle bra inn i tilhengaren. Pennane stod i garasja i arkivskapa, vi fylte 24 kasser med penner i dei. Tilhengaren vart omsider full. Stor TAKK til EAV, han hadde tenkt litt lengre, han hadde tatt med stropper for å sikre lasten.

Sjekk det veiret i Tranby 😍😍😍

Når tilhengaren var full og vi var klare for heimreise og 10 timer i bil, så vart vi invitert på kaffi og kake med desse fantastiske menneska på Tranby❤️❤️❤️

Umåtelig god og varm gjestfriheit❤️❤️❤️

På veg heim vart det tatt lite bilder, då underteikna køyrde bilen med den verdifulle lasten.

Det vart eit stopp på Valdresporten for å fylle diesel, samt mat og drikke, og enkelte «trengte» meir mat enn andre….. 🙈

Enkelte tek morgenmedisin kl 13.
Elgkarbonader
Fish’n chip’s og ein burger
Møtte på nokre kule typer 😃
Innom @Prodirkongen sitt hovedkontor for sortering før levering til Gnofsen sitt pennerike……
Denne garden huser ei av to av verdens største pennesamlinger.

Sluttord :

Totalt sett var dette ein kjekk og triveleg tur❤️ Vi møtte nokre flotte menneske i Tranby, de var kunnskapsrike, de hadde hatt mykje glede av denne samlinga og far deira hadde ei samling av penner som er den finaste, reinaste og skikkelige samling eg nokon gong har sett som har vore til salgs.

Etter no å ha gått igjennom heile samlinga, så er dette bevist.

Tusen Takk Tranby, dette var ei god og varm oppleving. Dere er nokre fine mennesker❤️

Mvh

Prodirkongen

www.prodirkongen.com

4 kommentarer

  1. Tilbakeping:Kvalitet ifrå Nord-Norge – Prodirkongen

  2. Tilbakeping:Tranby-samlinga – Prodirkongen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *