Ikveld då eg skulle på nattevakt, så gjekk eg innom postkassa mi for å sjekke om der var noko post.
I postkassa låg «Ventilen» , medlemsbladet for Vartdal Turn og Idrottslag, og ein konvolutt. Tok dette med inn i bilen, når eg tok opp konvolutten kjente eg på ei indre gledje, kunne innhaldet verkeleg vere den Prodir DS8 frå Coca-Cola som eg hadde sendt ut etterlysning om ?

I eit svakt øyeblikk, for nokre dager sidan så satte eg ut eit spørsmål på ei Facebook gruppe , der ein kan stille spørsmål om alt mulig. Innlegget mitt har fått stor merksemd, vorte delt utover landets grenser, og heilt til sjølvaste Julenissa sitt kontor🎅

Sjekk dette innholdet :



Eg hugser som liten gut at når Julenissa kom på besøk, så var det veldig skummelt, til tross at den var snill som kom med julegåver. I seinare år som vaksen så veit vi at Julenissa ikkje finst, men etter dagen idag, så er eg sanneleg ikkje sikker lengre. Dette var den beste julegåva eg kunne fått.
Har lyst å TAKKE ALLE 💖 som har spreidd ordet og delt etterlysninga om denne vakre og nydelige Prodir DS8 soft touch, med reklamebudskap for Coca-Cola 💖
Uten all denne hjelpa, så hadde eg truleg ikkje hatt den no…
Denne vert registrert inn direkte i samlinga til Prodirkongen imorgen og vil få ein skikkelig heidersplass❤️
God Jul til alle ❤️🩷🧡💛💚💙🩵💜🤎🖤🩶🤍
– PRODIRKONGEN –
www.prodirkongen.com