Igår var det ifølge kalenderen 19 februar, i kalenderen til Prodirkongen stod det 24 desember, nærare bestemt julaften.
Har lenge hatt ein draum om å få tak i alle nyheter som PRODIR i Sveits kommer med og dei 2 siste modellane har ligget høgt på Prodirkongen si ønskeliste.
Dei 2 nyaste modellane er : DS11 og QS50 Stone.

No har dei komt inn i Prodirkongen si samling, dei har blitt registrert inn i Penhenge v6, tatt fleire bilder av og fått sin eigen plass🥳
Eg skulle skrive ein artikkel igår, men det vart utsatt, fordi det var då tross alt julaften, og då skal ein ikkje skrive artikler for så å legge ut på nettside, og no har eg nesten gløymt alt eg skulle skrive….
Saken er at eg har fått ei mengde nye Prodir og Premec inn i samling. Vil vise litt av det eg har fått frå fantastisk gode medmenneske 💚 , som har gitt ein tanke til ein skrulling i Norge, som aldri vil få nok av : Prodir, Premec og Pigra.

Min lidenskap for denne hobbyen, kan ikkje beskrives med ord. Eg føler meg heldig som har denne hobbyen. Det aller beste med ein slik hobby er at ein finner venner over heile verda. Ingen samlere flirer av kvarandre. Vi samlarar, veit kva dette består av.
Må berre seie TUSEN TAKK til de som sendte meg denne pakken. Dette gir meg ny giv til vidare dyrking av hobbyen💙












Vil påstå at ingen profilerer den Sveitsiske kulepennprodusenten i den målestokk som Prodirkongen gjere, det går ikkje ein dag, der Prodir ikkje vert nemnt så her er såklart plass til mykje meir i Prodirkongen sitt rike💥.
Takk også til alle Dere andre som sponser meg med Prodir, dere er alle Gull 🤩

For en herlig lot med Prodir(penner) 🤩