Kvart år sidan 1997, har ei rekkje pennesamlere samlast til ei fast helg i september for å dyrke sin lidenskap for kulepenner.
Prodirkongen har vore medlem, men er ikkje medlem i det «gode selskap» lengre, av ulike årsaker. Har egentlig funne ut at det er best å ikkje vere avhengige av nokon.
Likevel, så greier Prodirkongen å auke samlinga si, ved å stå på utsiden av denne kulepenn foreininga.
Einaste ein treng er solide kulepenn-kollegaer, som er villige til å bytte.
PRODIRKONGEN samler i all hovedsak på penner som blir laget av : Pagani Pens

Og det er Prodir, som ligg nærast Prodirkongen sitt hjarte i denne herlege lidenskapen.
Iår var det «Oljemesse» i Stavanger, det vart heller ingenting av, det spøkte lenge for pennebyttet på Klækken hotell, grunnet sykdom rett før, men med eit nødskrik så greidde eg å få med meg dette.
Nytt frå tidlegare år, så hadde eg med mi kjære Kristina❤️, ho var sporty og vart med. Eg advarte ho på forhånd om at det kom til å verte sært og spesielt. For det er då berre snodige mennesker som samler på kulepenner med logo og reklame, akkurat slik som meg sjølv.
Laurdag 14 september, tok vi bilen rundt kl 11, det er ca 1 time å køyre frå Oslo til Klækken hotell, som ligg på Hønefoss.

Heldigvis så var eg svært heldig, då mine 2 kandidater var tilsynelatende skrubbsultne på kvalitetspenner, akkurat denne dagen, slik eg var sjølv🙈.



Alt dette er kvalitetspenner , Prodir Swiss Made 💥💥💥💥💥💥💥

Finn Sørensen, den som har mest penner av alle i heile verda, hadde med seg 2 flunkande nye floatere av merket Eskesen, laget i Danmark. Eg var heldig og fekk desse to, og lovte at eg skulle publusere de på nettsiden min. Så her kan alle få sjå kva ein pennesamler av denne rang profilerer seg med. I skrivende stund, så har Eskesen i Danmark vorte solgt til Japan, så desse floatere vil nok stige kraftig i pris om få år. 💥💥💥💥


Prodir sine nyaste flaggskip er :


Når ein køyrer heilt frå Danmark og samtidig er verdens største innen reklamepenner, så tar ein sjølvsagt med seg penner for å selge, slik at ein har til diesel heim. No vart det ikkje særlig mykje å tene på Prodirkongen, for der vart det eit reint bytte, der begge vart fornøgde. Men vil vise bildet som bevis på at ein kunne fått kjøpt Swiss Made der.

Eg var så heldig å få bytte Prodir med Jærens store sønn frå Jørpeland, greidde til og med å få plass til alle tre på eit bilde, eg bruker å ta heile bildet sjølv pga alt spekket på min kropp, så veldig hyggeleg å få bytte med Erik.

Når ein jobber med Prodir, så trengst det også mat, for å halde fokus og iveren oppe. Nok ein gong så skuffet Klækken hotell med sin middag, smaklaust og dyrt, kunne like godt ha ete Fjordlands varmet i mikroen.

Heldigvis så åt eg ikkje middag fredagen, slik dei andre gjorde, men vil vise middagen der og, er usikker på kva det skulle forestille, det ser da rett og slett ikkje godt ut…. 😱

Oppsummering:
Utruleg kjekt å få byttet med Finn, Erik og Einar-Arne. Dokke er gulle gode !!! 💥💥💥
WWW.PRODIRKONGEN.COM
Kjekt å lese. Du er god å skrivr
Takk for kommentar og rause ord 💚 God betring til deg 💛
God betring 💛💛💛