Når limoncello‑smaking går så langt at Prodirkongen vurderer å søke fast stilling i taxfree‑en ….
Laurdag 23. mai. Milano Malpensa.
Prodirkongen hadde akkurat passert sikkerheitskontrollen – lettare sveitt, men fri, klar og med eit stille håp om at resten av heimreisa skulle gå roleg for seg.
Men Italia hadde ein siste plan. Der, midt i taxfree‑området, stod ein mann. Ein mystisk mann. Ein mann med ei flaske i eine handa og små prøveglas i den andre. Han såg ut som ein slags sitronens misjonær, sendt direkte frå Capri for å spreie glede, varme – og 30 prosent alkohol.
Engelsken til begge var av typen “vi prøver, men dette blir ikkje pensum”. Men bodskapen var klar nok: Han ville gi Prodirkongen ein smak. Prodirkongen ville gjerne smake.Og kva tenkjer ein sunnmøring på heimreise?«Å ja, litt sitronjuice hadde vore godt no. Friskt. Italiensk. Perfekt avslutning.»Så løftar han flaska.Og i staden for å helle ein liten slant, slik ein normalt gjer når det er alkohol involvert, så fyller han heile glaset til randen, for eg kunne da ikkje vite at denne drikken inneholdt alkohol…og er ikkje så bevandra på feltet som mange andre……
Det rann nesten over. Prodirkongen rakk å tenkje:«Jaja, italienarar er rause folk. »Så kom slurken.
Og der kom sanninga susande som eit tog gjennom Milano Centrale: Dette var ikkje sitronjuice. Dette var sitron med turbo. Ein solgul rakett som gjekk rett i systemet og sa:
«Buongiorno!!!!!!!!!»
Prodirkongen stod der, litt overraska, litt imponert – og ganske sikker på at dette var den mest uventa “fruktdrikk” han hadde fått servert på ein flyplass nokon gong.

Men historia stoppa ikkje der. For den mystiske mannen såg på han, smilte som ein som hadde funne sin nye favorittkunde, og spurde:«Another one?» Og Prodirkongen, høfleg som ein sunnmøring og litt varm i kinnet, svara:«Eh… jauuu.» Etter glass nr 5……. På dette tidspunktet var Prodirkongen ikkje lenger ein tilfeldig reisande – han var blitt ein uoffisiell deltakar i Limoncello di Capri Speed‑Tasting Championship 2026. Mannen var i ekstase. Prodirkongen var i ferd med å bli det. Og kvar gong han tenkte:«No held det», så stod mannen der igjen, som ein gul engel sendt frå Capri, og spurde:«One more?»Og Prodirkongen… han sa ja. For kva skal ein seie? Det er Italia. Det er laurdag. Det er Malpensa. Og det er limoncello.Til slutt gjekk han vidare mot gate‑området med ein liten sitronbris rundt seg, eit smil han ikkje heilt fekk av, og ei kjensle av at Italia hadde gitt han den mest uventa – og varmblodige – avskjeden ein Vartdaling kunne fått. 🥵🍋🍋🍋🍋
Questa è una storia che ancora non conoscevo ! E tu non conoscevi il limoncello !! Il liquore fatto, se possibile, con i limoni della Costiera Amalfitana. 3 anni fa, siamo stati a Napoli e sulla Costiera Amalfitana. Bellissima ! Abbiamo anche comprato un pò di splendidi limoni e poi a casa abbiamo fatto un ottimo limoncello !
❤️
Hi Franco…
There’s more coming — I’m going a bit back and forth… I completely forgot to write about my encounter with Italy. A rich story will arrive, today or tomorrow.
I even had the feeling of meeting the Italian mafia… 🙈🥳
Ciao Franco…
Ne arriveranno altri, sto andando un po’ avanti e indietro… mi sono completamente dimenticato di scrivere del mio incontro con l’Italia. Arriverà un racconto ricco, oggi o domani.
Ho persino avuto la sensazione di incontrare la mafia italiana… 🙈🥳